Nesse Oppvekstsenter Album Lenkjer Om oss Om oss Om oss

Tema om hjort mars 2013

I mars månad har vi i barnehagen hatt tema om hjorten. Vi har arbeidd med temaet på ulike måtar. Vi starta med å sjå den fine Hjortefilmen som Sandra, Linea og Ivan laga i fjor. Gjensynsgleda med filmen var veldig stor. Elles har vi vore ute i skogen på leit etter spor av hjorten. Vi fann både hjortebæsj og hjortespor. Else hadde med eit stort hjortehorn frå Lånefjorden. Vi leika hjortar og utforska hornet, veldig spennande. I tillegg har vi teikna flotte hjorteteikningar og til slutt avslutta vi prosjektet med hjortegryte :)