Nesse Oppvekstsenter Album Lenkjer Om oss Om oss Om oss

Entreprenørskap

 

 ENTREPRENØRSKAP ER GØY!!!!!

 


 

 

I utviklingsplanen for Nesse oppvekstsenter er entreprenørskap eit viktig satsingsområde. Entreprenørskap er eit omgrep som skildrar korleis ein kan knyte lokalmiljø og oppvekstsenteret tettare saman.

Me skal gjere borna kjende med arbeidsplassane på Nessane, gjere dei kjende i lokalmiljøet og dei ressursane me rår over slik at dei sjølve kan verte ein ressurs for det lokale næringslivet. Borna skal kunne kjenne seg stolte over bakgrunnen sin og saman utføre positive tiltak for eiga bygd.

Her ved Nesse oppvekstsenter har me sett opp nokre tiltak for korleis me skal nå målsetjingane våre:
- Borna skal verte gjort kjende med arbeidsplassar på Nessane.
- Me skal vere på bedriftsbesøk minst 1 gong pr. skuleår.
- Dei eldste skal få prøve seg som "lærlingar" i ei bedrift.
- Me skal planleggje, gjennomføre og avvikle ei elevbedrift.
Tankane kring entreprenørskap skal gjennomsyre arbeidet vårt og inngå i dei lokale læreplanane.

I fleire skuleår har me hatt kafedrift som gjennomgåande prosjekt. Ca 4 gonger skal me planleggje, gjennomføre og evaluere kafedrift på mest mogeleg sjølvstendig basis. Me jobbar også minst 2 veker kvart år med eige entreprenørskapsprosjekt på tvers av barnehage og skule. 

Her er ei oversikt over kva me har jobba med i prosjektperiodane: 

2009: Sauen 

2010: Gamle mattradisjonar 

2011: Stadnamn på Nessane med elva som utgangspunkt. 

2012:  Nessane i gamle dagar med modell av bygda. 

2013: Nesseplast 

 

Hausten jobba vi med historia til bedrifta as nesseplast. I samband med prosjektet laga vi eit hefte som de kan lese i pdf-format her:

 

 

Heftet laga under entreprenørskapsvekene 2013
Logg