Nesse Oppvekstsenter Album Lenkjer Om oss Om oss Om oss

Nesse sommartrim 2012 - resultat


 
 Då er oppsummering av Nesse Sommartrim sesong 6 klar. Det er gledeleg å sjå at det framleis er mange som tek turen til fjells og skriv seg i bøkene til sommartrimmen.
 
 

Det har dette året vore ein oppgang att i samla besøk på alle postane, medan tal personar som har delteke er om lag som tidlegare.


Ny post av året var Høgehammaren, òg kalla Utsikten med 2 poeng. Stuvane, som har vore med tidlegare, tok me i år vekk. Plassering og poenggiving på postane har elles vore som før. 

Ein samla poeng ved å skrive namnet sitt i dei utlagde bøkene i tidsrommet frå og med

1. juni til og med 15. september.

Premie vert i år tildelt den som:
- har delteke og oppnådd minimum poengsum utifrå tabellen nedanfor.
- samla flest poeng i sin aldersklasse.
- har vore innom alle 18 postane.
- har vore innom 9 ulike postar (gjeld kun aldersklassane 0-2 år, 3-6 år og 7-9 år).
 
 
Det er i år 53 deltakarar som har samla nok poeng til å få premie. Av desse er det 13 under 16 år.

Resultatliste for alle som har oppnådd premie ligg ved.

 

Nesse Sommartrim vil få takke alle turgåarane for oppslutnaden. Håpar de har hatt mange fine turopplevingar.  Premiar vil bli delt ut på årets juletrefest.


Dokument for nedlasting (krev Adobe Reader som kan lastes ned gratis her):


- Nesse Sommartrim 2012 - Premieliste 2012

 


Andre nyhende frå Nessanytt

29.04.16Nesse sommartrim 2016
04.05.15Nesse sommartrim 2015 - turprogram
16.12.14Nesse sommartrim 2014 - resultat
30.05.14Nesse sommartrim 2014 - turprogram
16.12.13Nesse sommartrim 2013 - resultat
07.12.12Nesse sommartrim 2012 - resultat
21.06.12Nesse sommartrim 2012 - turprogram
16.12.11Nesse sommartrim 2011 - resultat
01.06.11Nesse Sommartrim 2011 - Turprogram
03.02.11Søndagssvettis
04.01.11Tango
07.11.10Nesse Sommartrim 2010 - Resultat
06.10.10Linedance nybyrjarkurs
29.09.10Swingkurs 23. og 24. oktober 2010
24.05.10Nesse Sommartrim 2010 - Turprogram
27.11.09Nesse Sommartrim 2009 - Resultat (Oppd. 091202_22:22)
27.05.09Nesse Sommartrim 2009 - Turprogram
07.05.0917. mai 2009 - Arbeidsliste
07.05.0917. mai 2009 på Nessane
13.03.09Søndagsdans 22. mars 2009
09.03.09Resultat Lagsstemne 2009, Nesse Skyttarlag
05.03.09Søndagsdans
18.02.09Seniortreffen
18.02.09Årsmøte i Nesse grendelag
26.01.09Grendafest
21.01.09Belecup 2009 - Resultat
11.01.09Belecup 18. januar 2009
18.12.08Nesse Sommartrim 2008, bilete
07.12.08Opningsfest
04.12.08Nesse Sommartrim 2008, resultat