Då er vi klar for sesong 4 av Nesse Sommartrim. I år er det 16 turpostar fordelt på ulike stadar innanfor Nesse krins. Vi har sjølvsagt også i år gjort nokre justeringar. Alle årets postar har vore med før. Nokre av turane er oppmerka, medan andre finn ein ved å studere vedlagt kart og turinformasjon, eller eventuelt ved å forhøyre seg med andre.
Ein samlar poeng ved å skrive namnet sitt i dei utlagde bøkene. Stadane dette gjeld og poengsummane ein kan oppnå, står beskrive på baksida av årets turprogram. Ein kan ikkje skrive i same boka fleire gonger same dagen.
OBS! På grunn av problem med å sanke inn bøkene etter at snøen kom tidleg på toppane i fjor, vil vi i år avslutte sommartrimmen 15. september.
Premie vert tildelt den som:
ì deltek og oppnår minimum poengsum utifrå tabellen nedanfor.
ì samlar flest poeng i sin aldersklasse.
ì er innom alle 16 postane.
ì er innom 9 ulike postar (gjeld kun aldersklassane 0-6 og 7-9 år).
Aldersklasse: Fødselsår: Minimum:
0 – 6 år (2010-2004) 10 poeng
7 – 9 år (2003-2001) 20 poeng
10 – 12 år (2000-1998) 30 poeng
13 – 15 år (1997-1995) 40 poeng
16 år og oppover (1994-) 50 poeng
Poengsankinga føregår i tidsrommet
frå og med 1. juni til og med 15. september.
Vi håpar Nesse Sommartrim 2010 kan motivere deg til mange flotte turopplevingar gjennom sommaren. Sjølv om det kun er postane som er omtala i årets turprogram som gir poeng, må du sjølvsagt også besøke og skrive namnet ditt i alle dei andre bøkene som er plasserte rundt omkring.
Meld deg og inn i Facebook-gruppa Nesse Sommartrim. Der kan du legge ut dine eigne bilete eller fortelje om turopplevingar du har hatt.
Turprogrammet vert delt ut i postkassane frå Koldingsnes til Skaret.
Det kan og lastast ned i PDF-format ved å klikke her.
Det er berre å sette i gang folkens, hugs at dørstokkmila er den lengste!