Nesse Oppvekstsenter Album Lenkjer Om oss Om oss Om oss

Nesse Sommartrim 2009 - Resultat (Oppd. 091202_22:22)


            

Nesse Sommartrim sesong 3 er for lengst avslutta.  Etter ein regntung seinsommar og haust, var det med dempa forhåpningar ein starta poengteljinga.  Vi hadde kalkulert med ein viss nedgang i forhold til fjorårets gode sesong.  Vi tok sjølvsagt grundig feil!  Turgåarane har nok eingong synt at turgleda er like stor om været er aldri så ufyseleg. 
Her er ei oversikt over dei tre sesongane vi har hatt hittil.

 


 Som ein ser av tabellen er det også i år ein auke i tal turar i forhold til fjorårets sesong.

Årets Nesse Sommartrim bestod av heile 19 turpostar. Som vanleg var desse
plasserte på ulike stadar mellom Lånefjorden og Lindane. Vi hadde og gjort ein del
justeringar når det gjaldt plassering av dei poenggivande postane.  Poengsummen var
og justert på enkelte postar.
 

    Ein samla som vanleg poeng ved å skrive namnet sitt i dei utlagde bøkene, i tidsrommet
    frå og med 1. juni til og med 30. september.
 

    Premie vert i år tildelt den som:        
        - har delteke og oppnådd minimum poengsum utifrå tabellen nedanfor.
        - samla flest poeng i sin aldersklasse.
        - har vore innom alle 19 postane.
        - har vore innom 9 ulike postar (gjeld kun aldersklassane 0-6 og 7-9 år). 

    Aldersklasse:                  Fødselsår:                     Minimum:
    0 – 6 år                             (2009-2003):                  10 poeng
    7 – 9 år                             (2002-2000):                  20 poeng
    10 – 12 år                         (1999-1997):                  30 poeng
    13 – 15 år                         (1996-1994):                  40 poeng
    16 år og oppover              (1993-)                           50 poeng 

    Nesse Sommartrim takkar alle turgåarane for den gode oppslutnaden og håpar
    prosjektet har ført til mange fine turopplevingar i sommar og haust.
 
    I alt 55 deltakarar vert premierte i år.

    Premieliste - Liste over alle som får premie i år.
    Resultatliste - Den komplette resultatlista.

   Resultatlistene er i Adobe PDF-format. 
   Gratis Adobe Reader kan du laste ned her.



Andre nyhende frå Nessanytt

29.04.16Nesse sommartrim 2016
04.05.15Nesse sommartrim 2015 - turprogram
16.12.14Nesse sommartrim 2014 - resultat
30.05.14Nesse sommartrim 2014 - turprogram
16.12.13Nesse sommartrim 2013 - resultat
07.12.12Nesse sommartrim 2012 - resultat
21.06.12Nesse sommartrim 2012 - turprogram
16.12.11Nesse sommartrim 2011 - resultat
01.06.11Nesse Sommartrim 2011 - Turprogram
03.02.11Søndagssvettis
04.01.11Tango
07.11.10Nesse Sommartrim 2010 - Resultat
06.10.10Linedance nybyrjarkurs
29.09.10Swingkurs 23. og 24. oktober 2010
24.05.10Nesse Sommartrim 2010 - Turprogram
27.11.09Nesse Sommartrim 2009 - Resultat (Oppd. 091202_22:22)
27.05.09Nesse Sommartrim 2009 - Turprogram
07.05.0917. mai 2009 - Arbeidsliste
07.05.0917. mai 2009 på Nessane
13.03.09Søndagsdans 22. mars 2009
09.03.09Resultat Lagsstemne 2009, Nesse Skyttarlag
05.03.09Søndagsdans
18.02.09Seniortreffen
18.02.09Årsmøte i Nesse grendelag
26.01.09Grendafest
21.01.09Belecup 2009 - Resultat
11.01.09Belecup 18. januar 2009
18.12.08Nesse Sommartrim 2008, bilete
07.12.08Opningsfest
04.12.08Nesse Sommartrim 2008, resultat